Florølaga i helga…

av Olav Hatlemark

Snart klare mot Skavøypoll
Skavøypoll bør verte enkle kampar for begge våre dame 4. divisjonslag i idrettssenteret i dag. (11:00 og 13:20.) Florø1 tronar suverent på tabelltoppen utan poengtap, 24 poeng på 12 kampar og ein målforskjell på 375-171. Skavøypoll ligg nest-sist med berre to poeng.

Klatrar?
Florø2 har gjort unna dei fleste av dei vanskelege kampane og er klar for klatring oppover frå 5. plass etter 5 sigrar ein uavgjort og fem tap i 4. divisjon og 12 poeng.
For Florø-laga vert dette først og frems god trening. Utfordringa for Florø1 framover kan verte å halde oppe kvaliteten og trykket etter at kampane mot dei beste laga i divisjonen Eid og Sogndal er over. Fem kampar står att av serien før dagens kampar. Jentene våre kan heller ikkje slappe av mot Skavøypoll. (bilde: Florø 2)

Målkamp?
Største spenninga framover kan fort verte kampen om toppscorartittelen etter at Amanda gjekk til Førde. Selma Førde har gjort store sprang siste kampane og ligg på ein pen 5. plass med 54 mål (Amanda avslutta med 75), Kristina (Udberg) har 47 (snitt 4,3) 10. plass og Mathilde (Tonheim) ligg på ein pen 16 plass i 4. divisjon med 36 mål.
Men her kivar dei med målfarlege Florø 2 damer. Kristine (Nekkøy) er på ein fin 3. plass med 63 mål og trenar Weronika på 5.plass med 48 mål.

18 årsserien
For Florø1 sitt unge lag vert det i 18 års seriane i SF og Hordaland at jentene kan få største utfordringa framover. Her spelar dei allereie søndag mot samansette Sogndal/Syril i SF serien søndag.(15:00).

J 15
Berre J 15 spelar elles kamp i idrettssenteret i dag (kl 14:40) mo Aurland. Jentene til Kari og co ligg på ein komfortabel 2. plass. Her vil dei nok ende også. Aurland på 6. plass kan nok yte Florø-jentene motstand. Men Fylkesmeisterskapet er nok allereie avgjort av Dale som berre har to kampar att å spele og ennå ikkje har gitt bort poeng.

Turneringar og J/G 10
10-åringane har stor turneringshelg. Gutane til Florø spelar i dag laurdag, turnering i Høyangerhallen; mot Dale, Førde, Høyang og Gaular. Florø stiller fire lag.
Søndag skal 4 jentelag frå Florø 10 i gang i Trivselshagen på Sandane mot Gaular, Eid, Breimsbygda, Sandane, Dale og Stryn.
I tillegg ska Florø United til Fosnavåg for å spele kampar i Gullserien søndag

G 16
Forutan J 18 kampen i idrettssenteret er det søndag dobbelkamp for Florø2 heime mot Gloppen 2 i idrettssenteret.(11:00 og 13:40.)

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *