Første Regionale UtviklingsMiljø (RUM) – samlingen etter Covid-19
I går kveld har Sofie Bøhmer og Julia Angelina Nedrebø Maureira deltatt på den første regionale UtviklingsMiljø (RUM) – samlinga for jenter 04/05, etter Covid-19 i Leikangerhallen på Hermannsverk.
-
Er ekstra treningsvillige (gode holdninger til trening og viser «stå-på-vilje»)
-
Viser spelforståing
-
Har spanande fysiske forutsetninger (eks. høgde, spenst, hurtighet, koordinasjon, etc.)
-
Viser gode individuelle ferdigheiter (eks. taktisk forståeing, mentale ferdigheter, kast- og mottaksferdigheiter, etc.)
-
Har spisskompetanse (eks. duellspill 1 mot 1, forsvarsferdigheter, skudd, finter, etc.)
-
Visar handballinteresse
-
Har stor vinnarvilje
Eit av kriteria for å bli tatt ut på RUM-samling, er ekstra treningsvilje. Dette viste Sofie og Julia at dei hadde, då dei satte seg i bilen for å bli køyrt til Leikanger for å trene. Med arbeid og nattestenging i to tunneler vart det ei lang reise.
Avreise frå Florø var 15:30, og dei var ikkje heime før klokka 01:30 på natta. Ti timer på ein mandagsettermiddag til tross, jentene fekk trene i lag med 20 jamngamle jenter frå heile Sogn og Fjordane, og trenarane Ole og Øyvind leia spelarane igjennom både forsvar og angrepsøvingar, i tillegg til at dei fokuserte på skadeforebyggende øvinger.
Sofie og Julia var godt nøgde med treninga – sjølv om bilturen blei i overkant lang.
Monica Bøhmer, sekretær Florø SK Handball
Foto;: Monica Bøhmer