Første Regionale UtviklingsMiljø (RUM) – samlingen etter Covid-19

I går kveld har Sofie Bøhmer og Julia Angelina Nedrebø Maureira deltatt på den første regionale UtviklingsMiljø (RUM– samlinga for jenter 04/05, etter Covid-19 i Leikangerhallen på Hermannsverk.

Der ser regionen etter spelarar som vi meinar oppfyller eit eller fleire av følgjande punkter:
  • Er ekstra treningsvillige (gode holdninger til trening og viser «stå-på-vilje»)
  • Viser spelforståing
  • Har spanande fysiske forutsetninger (eks. høgde, spenst, hurtighet, koordinasjon, etc.)
  • Viser gode individuelle ferdigheiter (eks. taktisk forståeing, mentale ferdigheter, kast- og mottaksferdigheiter, etc.)
  • Har spisskompetanse (eks. duellspill 1 mot 1, forsvarsferdigheter, skudd, finter, etc.)
  • Visar handballinteresse
  • Har stor vinnarvilje
Samlinga var med 20 jenter frå mange av klubbene i Sone 1, 2 og 3 i gamle Sogn og Fjordane

Eit av kriteria for å bli tatt ut på RUM-samling, er ekstra treningsvilje. Dette viste Sofie og Julia at dei hadde, då dei satte seg i bilen for å bli køyrt til Leikanger for å trene. Med arbeid og nattestenging i to tunneler vart det ei lang reise.

Avreise frå Florø var 15:30, og dei var ikkje heime før klokka 01:30 på natta. Ti timer på ein mandagsettermiddag til tross, jentene fekk trene i lag med 20 jamngamle jenter frå heile Sogn og Fjordane, og trenarane Ole og Øyvind leia spelarane igjennom både forsvar og angrepsøvingar, i tillegg til at dei fokuserte på skadeforebyggende øvinger.

Sofie og Julia var godt nøgde med treninga – sjølv om bilturen blei i overkant lang.

 

Monica Bøhmer, sekretær Florø SK Handball

Foto;: Monica Bøhmer