Gammalt treningstøy får nye eigarar /
I Kampala, Uganda, finst ein nokså nystarta fotballskule: Kagoma-Kanyange Football Foundation Ltd. Den vart grunda for ca 1 år sidan av Aruna Cone JR og Marie Hansen Eileng. Cone kom til Florø 2014 og har spela mange flotte kampar med m.a. Florø fotball og Førde, før han for tilbake til Uganda 2023. (Det ligg nokre lenkjer med artikklar frå Firdaposten lengre ned på siden. )
Cone og Marie har jobba hardt og lukkast å få med veldig manga barn og ungdommar i fotballskulen deira, der barna ikkje berre spelar fotball men og får lunsj/midddag og drikke.
Men dei treng støtte. Derfor har Florø Sportsklubb samla ihop drakter frå både handball og fotball, og så sendte vi 3 pakkar med treningstøy (og nokre fotballskor) til Uganda. Eg snakka med Cone i går og han sa at det er perfekt timing, for om ca 2 veker har barna ferie og då trengjer fotballskulen mange drakter og skor. Dei er så takknemlege for alle skor, baller og alt treningstøy dei kan få. Kontaktinfo finn du her: Kagoma Kanyange Football Foundation Ltd
Cecilia Molander, Media- og draktansvarleg for Florø SK Handball
Her er nokre bilete frå fotballskulen.
Foto: Kagoma Kanyange Football Foundation LTD
06.05.2014 https://www.firdaposten.no/lokalnytt/no-speler-dei-endeleg-pa-heimebane/s/1-53-7338420
11.04.2015 https://www.firdaposten.no/toff-start-pa-bortebane/s/5-16-27354
23.04.2017 https://www.firdaposten.no/bremanger/svelgen/fotball/cone-matchvinnar-for-bremanger/s/5-16-153990
31.05.2017 https://www.firdaposten.no/bremanger/floro/fotball/cone-klar-for-bremanger/s/5-16-149139