Florø slog Gloppen, møter Førde i 2. runde

Onsdagskveld møtte Florø Gloppen i 1. runde av Handball NM for damer, og det gjekk som ein dans. Florø vann med 30-15
Florødamene var trygge og sikre i spelet sitt, og trenar Hákon Hermannsson Bridde fekk en flott start på kampane sine her i Florø.
Dei har trent godt. Det såg vi.

No ventar Førde i 2. runde som spelast 27. august kl 19:00 i Florø idrettssenter, ettersom Florø er det lågast rangerte laget. Det vert ein kamp mellom 1. og 4. divisjon men etter storsigeren til Florø over 3. divisjonslaget til Gloppen kan mykje skje.  Berre det å få møte førstedivisjonslaget vert ei fin utfordring for dei unge Florø-spelarane.

Det blir eit kjekt gjensyn med trenar Hilmar Guðlaugsson som gjorde ein så god jobb med Florøs damer i fjor.  Og så vert det eit islandsk oppgjer på benkene, Florøs gamle trenar mot Florøs nye…

GOD KAMP!

Godt budde for cuptest i kveld

Onsdag vert første skikkelege test for Florøs nye førstelag som i år skal spele i 4. div. Gloppen kjem på besøk til 1. runde NM-cupen for damer.
– Vi er godt budde. Vi har fått trena bra og har allereie eit godt grunnlag. Kom og støtte oss i Florø idrettssenter seier Florøs nye islandske trenar Hákon Hermannsson Bridde.

For Florø vert dette først og fremst god trening sjølv om det og vil vere stas med siger. Vinnaren skal nemleg spele 2. runde mot fylkets einaste 1. divisjonslag; Førde, innan ei veke.

Som i fjor utgjer 2001 årgangen kjernen i troppen til Florø. Ekstra spennande vert det å sjå venstrehendte Hanna Alsaker tilbake på bana etter eitt år ute med korsbandskade og Anna Matilde Førde debutere som målvakt. Dessutan er Ida Frøyen tilbake på bana i Florø etter mange år i Bergen. Ho kjem med verdfull erfaring og snert i skota frå vingen. Og fleire unge frå 2002 årgangen kan komme til å debutere.

Gloppen vart nummer seks i siste sesongs 3. divisjon der Florø kom på 8. plass og rykte ned til 4. div. Men Florøs unge lag kom sterkt mot slutten av sesongen. Og ryktet går om at Gloppen har mista fleire av sine sterkaste spelarar.

Olav Hatlemark, Leiar SU

Rema 1000 handballskule 2018

Florø SK Handball og Norges Handballforbund (NHF) arrangerer 3 dager Rema 1000 Handballskule i haustferien for barn mellom 6 og 11 år (2012-2007), måndag 8. oktober til og med onsdag 10. oktober kl 09:00 til 14:00 kvar dag.

Vi har ei ramme på 50 elevar (førstemann til mølla) og eit opplegg med gode instruktørar, primært våre 15- og 16-årige spelarar.

Det kostar Kr 500.- som inkluderer: opplæring, lunsj, frukt, ball, T-skjorte.

Påmelding skjer på NHF sine websider

Betaling til kontonummer: Handball 3775.20.15946 

(Merk betalinga «Handballskule haust 2018 for (namn på elev)»)

Påmeldings- og betalingsfrist: 20. september 2018

Denne handballskulen er i regi av vår visjon “Handball for alle i Flora Kommune” og vi tilbyr gratis handballskule for barn med innvandrarbakgrunn og barn råka av fattigdom. 

Påmelding med same informasjon som over til:  akforsa@online.no

Kontaktperson: Ann-Kristin Førde tlf: 90529116

MERK 1: Påmelding er open til vi har nådd max antall som er 50 elevar.

MERK 2: Ver venleg og meld på og betal før oppstart då dette vil lette registering og oppstart.

Florø arrangerer 1. runde i handball NM

22. august kl. 19:40 arrangerer Florø SK Handball 1. runde i handball NM for kvinner.

Florødamene helsar Gloppen velkommen, som er ein sterk motstander.

Støtt laget ditt. Kom å sjå herleg handball med våre dyktige spelarar.

Billettpris:

Voksne, 18 år og eldre: kr 100,-

Ungdom, 16-18 år:         kr     50,-

Barn, under 16 år:          Gratis

Kiosk med kaffi og anna godt.

Velkommen!

Endra frist av påmelding til handballskulen

Fristen til påmelding og betaling til handballskulen er endra til 10. august, det er berre å melde på borna. Flott tilbud og anledning å få prøve på å få spela handball.

Meir info her: Firdaposten handballskule

Firdaposten handballskule 2018 – UTVIDA FRIST FOR PÅMELDING – 10.8.18

Måndag 13. august til fredag 17. august arrangerer Florø SK Handball Firdaposten handballskule for jenter og gutar 7 til 13 år (2005-2011).

Instruktørane er 14-18 år gamle handballspelarar med aktivitetsleiarkurs. Vår nye hovudtrenar, Hákon Hermannsson Bridde, vil ha hovudansvaret samen med andre vaksne.

Deltakarane delast inn i to grupper: jenter/gutar fødd i 2007-2011 og jenter/gutar fødd i  2005-2006.

Den yngste gruppa møter opp kl. 10.00  ved Florø idrettssenter. Deltakaravgifta er kr 900,- og inkluderer sunn lunsj med frukt og t-skjorte. Økta er slutt kl 15.00.

Den eldste gruppa møter opp kl 11.30 ved Florahallen.  Deltakaravgifta er kr 400,- og inkluderer lunsj fredagen. Økta er slutt kl 13.30.   Den eldste gruppa får aktivitetar med interne og eksterne trenarar. Det vil her vere større fokus på sportsleg utvikling.

 

AKTIVITETAR:

Sosialt samvær, balleik, skytetrening, handballspel m.m..

 

Påmeldingsskjema finn du her: PÅMELDINGSSKJEMA . Der fyller du og i om deltakaren har allergier, eller om det er noko anna du vil informere om vedrørende handballskulen og deltakaren.

Påmeldingsfrist er 10. august

Betalingsfrist er 10. august

Betaling til konto nummer 3775.20.15946 innan 10. august 2018 – merk betaling med barnets navn.

Det er eit tak på 150 deltakarar så påmeldingsskjemaet tas bort når vi har nått så mange.

VELKOMMEN!

 

 

Beachmeisterskap SF 2018 i Florø

Ny handballtrenar på plass etter sommaren

Nedst frå venstre: Morten Mortensen, Hákon Hermansson Bridde og Fríða Dögg Finnsdóttir. Øvst frå venstre: Vivien Eriksen, Jorunn Farsund og Inger Alsaker.

av Morten Mortensen, leiar Florø SK Handball

Håndballvenner

6. mai signerte vi en 3 års kontrakt med Hákon Hermannsson Bridde som ny hovedtrener for Florø SK Handball. Han vil ha hovedansvaret for damelaget men vil også støtte på herrelaget og videre nedover i de aldersbestemte lagene tom 13 år.
Hákon kommer fra Kópavogurer på Island, er gift med Fríða Dögg Finnsdóttir og de har tre barn (3, 7 og 9 år). Etter sommeren tar de det store steget fra Island til Norge og Florø. Vi vil spesielt takke Hilmar Guðlaugsson og Sigrún Arna Brynjarsdóttir for alle hjelp og støttet ifm denne prosessen. Vi gleder oss til å bli bedre kjent med Hákon, Fríða og barna og ser frem til et tett og godt samarbeid de neste årene.

Link til Firdapostens reportasje om Hákon: “Vi forelska oss i Strandgata og hamna med ein gang.”

Hákon i handballkamp

Sigrún Arna Brynjarsdóttir og Friða Dögg Finnsdóttir

Jorunn Farsund, Hákon Hermansson Bridde, Inger Alsaker og Olav Hatlemark