Olav har ordet…

KOM OG HJELP DAMENE!

17:00 3. Div. damer: Florø – NHHI

Florø spelar i ettermiddag nøkkelkamp mot NHHI, og må helst vinne for å komme seg frå botnplassen og ha håp om å redde plassen i 3. Divisjon. Heldigvis er kaptein og veteran Camilla Dybevik Steinhovden tilbake på plass. Ho var med og avgjorde siste gong dei to laga møtest. Då tok ho tak i sluttminutta og laga dei tre siste og avgjerande måla til Florø. Og nettopp erfaring og evne til å dra dei unge lag-venninnene med seg kan verte viktig i kampen mot Handelshøgskulestudentane.
Florø gjekk på eit trist tap mot Stryn sist laurdag. Men mange av same jentene heva seg stort og slo tilbake i dobbelkamp i Bergen i dagen etter, i 16 årsserien.
Den store uvissa er tilstanden til kneet til lag-maskinen Amanda Holmen Eriksen. Amanda har laga nesten halvparten av måla til Florø, heile 24 av dei frå 7 meteren og har med sin store innsatsvilje drege dei andre med seg. Årets andre komet Stine Madsen, har vore sjuk og er også usikker. Ho storspelte, skaut frå alle posisjonar og laga ikkje mindre enn 11 mål i ein av kampane i Bergen sist helg . Heller ikkje den andre veteranen til Florø, Synnøve Domben kan vere med. Trenar Hilmar har derfor henta opp Charlotte Breidvik og Emilie Verhage frå 2. laget som vil gje høgde og styrke til Florø. Begge har vore sentrale på 2. laget. Det vert eit av kampens spenningsmoment å sjå korleis dei tek nivået. Gjer dei det, kan dei viktige for Florø inn mot sluttrundane.

 

Andre kampar i idrettssenteret laurdag:
J 12:
12:00: Florø – Sandane
14:00: Florø 2 – Sandane
Begge Florø-laga har plassert seg høgt i si avdeling, og har Sandane som ein av dei største konkurrentane i kampen om å komme til sluttspelet i Sogn og Fjordane meisterskapet: Fire lag, to frå kvar avdeling skal kjempe om tittelen i finalerunden i Førde i april.

 

J 13:
13:00: Florø – Høyang
15:00: Florø 2 – Høyang
Florøs to lag toppar divisjonen ganske klart. Florø 1 har 24 poeng på 13 kampar medan Florø 2 ligg med 20 poeng på 11 kampar, begge med berre eitt tap før dagens runde. Men Høyang ligg på 3. plass på tabellen og kan vere den store utfordraren.

 

På BORTEBANE:
4. div. herrar:
15:45 laurdag: Bønes – Florø
12:00 søndag: Årstad – Florø
Florøs herrar i 4. divisjon spelar to kampar i Bergen denne helga, mot Bønes laurdag og mot Årstad søndag. Florø ligg på topp og opprykksplass saman med Gneist. Begge med 16 poeng der Gneist har spelt ein kamp meir. Florø skil seg også ut med divisjonens klart beste målforskjell og bør normalt vinne begge kampar og sikre posisjonen som opprykkskandidat. Men Bønes i desperat naud for å unngå nedrykk og Årstad som eitt av beste laga i divisjonen, kan begge overraske.

4. divisjon damer:
13:00: Gloppen – Florø 2
17:00: Eid – Florø2

Begge laurdag. Kampane mot Eid på heimebane med eit særdeles engasjert heimepublikum i ryggen er ofte vanskelege. Så spørs det korleis Florø klarer seg utan to av krumtappane, Charlotte Breidvik og Emilie Verhage som begge er henta opp til 3.divisjonstroppen. Florø ligg på 4. plass på tabellen og kjempar mest med Høyang om 3. plassen. Både Eid på 10. og Gloppen2 på 8. plass, burde normalt borge for Florø-sigrar.

Gutar 14:
13:00: Vikane – Florø
16:00: Eid/Haugen – Florø.
Gutane til Bjørn Wefring har fire poeng på tre kampar og er på 3. plass på tabellen framleis med i kampen om å komme til sluttspelet. Eid/Haugen på 2. Plass har like mange poeng, men litt betre målforskjell. Dette kan verte ein avgjerande kamp for begge laga. Vikane er normalt enkel match for Florø.
Men vi skal aldri seie aldri.

Av Olav Hatlemark, Sportsleg leiar

 
,

Miniturnering i Florø idrettssenter laurdag 20. januar og sundag 21. januar

I helga er det miniturnering i handball for alle 6 – 9-åringer. Nærare 20 lag  frå heile fylket samlast i Florø idrettssenter for å spela handballkamper.

Både laurdag og søndag er det kiosk i idrettssenteret,  med godt utvalg av sunn og god mat.

Her finn du kampoppsett for LAURDAG.

Her finn du kampoppsett for SUNDAG.

 

Med atterhald om eventuelle endringar i tidsskjemaet.

REMA 1000 HANDBALLSKULE 2018

Handballvenner
Florø SK Handball skal arrangere REMA 1000 handballskule 3 dager i vinterferien frå måndag 19 til onsdag 21 februar frå kl 10.00 til 15.00 for barn mellom 6 (2011) og 11 (2006) år.
Vi vil ha fokus på å rekruttere nye spelarar men tilbudet skal favne både uøvde og øvde spelarar.
ALLE DELTAKARANE FÅR:
– T-skjorte
– Ball
– Lunsj og frukt kvar dag
– Varm lunsj på onsdagen
– Oppfølging av dyktige instruktører mellom 15 og 20 år.
MEIR INFORMASJON HER

Trening og foredrag med Runar Helland Åmot

Håndballvenner
Fredag 29. desember hadde Runar Helland Åmot først en treningsøkt i hallen med 2002. Det ble en økt med nye øvelser, masse energi og gode råd/instruksjoner. Deretter forflyttet gruppen seg til klasserommet og flere spillere, trenere og foreldre kom til. Runar holdt et foredrag om sin egen «idrettsreise» gjennom oppvekst og idrett i Florø, videre til Sandane og Gloppen HK, flere klubber i Oslo området før han nå spiller for Haslum i eliteserien.

Det var et godt og spennende foredrag om et gutt som satte seg høye mål om som har forfulgt disse gjennom oppturer og nedturer. Runar hadde mange kloke råd å gi men vi festet oss med at et at de viktigste var at: «Håndball måtte være leik og moro».

Tusen takk til Runar for to gode og spennende økter, godt nytt år og lykke til videre i Haslum. Du gir spillere, trenere og foreldre inspirasjon til å jobbe videre og du er et eksempel på at det er mulig å bli god selv om en kommer fra en liten klubb i Sogn og Fjordane.

Takk også til Olav Hatlemark som organiserte det hele og Cecilia Molander som har tatt de fine bildene.

 

Morten Mortensen, leiar

Meld deg på Romjulsmoro og Romjulscup 2017

I romjula har vi 3 arrangement:

Romjulsmoro for 7-10 år

Romjulscup for 11-14 år

Romjulscup for 15 år og oppover

Mer info her.

ANDREA PÅ HEIMEBANE – PÅ FEIL LAG

Av Olav Hatlemark

3. divisjon: Florø – Dale Florø idrettssenter, onsdag 6.sept. kl 19:00.
Florøs tidlegare storscorar Andrea Dolve Ellingsund (bildet) , kjem truleg tilbake på bana i idrettssenteret i dag. Men denne gongen på feil lag i 3. div.kampen Florø-Dale. Velkommen skal du vere likevel, Andrea!
Dale ser ut til å toppe laget som møter Florø. Dale er partnarklubb med Førdes 1. divisjonslag der Andrea er i troppen. Dale har dermed høve til å bruke opptil tre av Førdes unge spelarar (under 20 år) i sine kampar.
Så får vi håpe respekten ikkje vert for stor. Kampane mot Dale har vore prestisje-kampar og det nærast vi kjem til tøffe nabo-oppgjer for Florø i 3.divisjon. Hittil har Dale vunne desse kampane. Men årets Dale-årgang har ikkje vist same kvalitetar som før. Så langt er fangsten to poeng på tre kampar. Det same som Florø (på fire kampar)
Men Florø har vokse for kvar kamp. Mot Dale må trenar Hilmar klare seg utan siste kamps matchvinnar Ada Jagedal. Målvakt Karoline Nesse er framleis skadd. Men Tiril Langedal stod fram synte og gode takter i siste kamp mot Gloppen, særleg då Florø kom mot slutten.
På benken vil også denne gongen fjorårsmålvakt Helene Sudmann sitje og vente i spenning etter å ha lagt handballen på hylla.
– Det er sjølsagt ikkje bra for oss at Ada ikkje er med. Det viktigaste for oss er likevel at vi spelar vårt spel og held fram med framstega frå siste kamp. Vi veit kva vi må gjere: Få kontroll på tempoet og halde fram jobbinga med å redusere feila våre, seier Florø-trenar Hilmar Gudleiksson. (bildet i ekstatisk jubel saman med Eva Orheim og målvakta etter Tirils redning i siste sekund som sikra Florøs siger over Gloppen).

Instruktørkurs for 14-åringer

Florø SK Handball meiner det er viktig å utvikles og å utdanne seg. Vi har fleire kurser og arrangement m.a. Firdaposten handballskule i august for dei mellom 7 og 13 år for dei som vil kome litt lengre og Fargerik handball i haustferien for dei som aldri har prøvd å spela handball. Vi har òg instruktørkurs for 14-åringane. Dei skal vere med som instruktører på handballskulen og ha handballaktiviteter på SFO i skulene i skuleåret 2017/2018.
Her er nokre bilder  frå igår når vår kunnige trenar (som har mange år i handballen) og lærer Rut-Sølvi Helland har kursen for gutar og jenter 2003.

Ein stor takk til Ruth-Sølvi.

 

Florø SK Handball G18 videre til Lerøyserien

Vi gratulerer våre G18-gutar som gjekk videre til Lerøyserien etter kvalifiseringsrunden i Elverum i helga. Dei spela 3 kampar: Lillestrøm TH – Florø 24-20, Florø-Elverum 26-20 og Florø – Bravo 33-24.

Foto: Elisabeth Aven

Nyhendet oppdateres…

Velkommen til Florø SK Handball si nye heimeside

Vi er glade for å presentere vår nye heimeside.

Målet med sidene våre er å informere våre medlemmer og andre interesserte om aktiviteten i klubben vår.

Dette er eit supplement til Facebooksidene våre som publiserer nytt på ein dag-til-dag basis.

Gje oss gjerne tilbakemelding på emner de sakner.

Velkommen til Vestkyst Cup 2018

FLORØ SK HANDBALL INVITERER TIL VESTKYSTCUP 2018

HANDBALLTURNERING FOR JENTER OG GUTTER 10 –16 ÅR + DAMER, HERRER & HU-LAG

PÅMELDING

All påmelding skjer på nett: https://www.profixio.com/reg/vestkystcup-2018

KONTAKT

Påmeldingsfrist er 4. april 2018. Frist for registrering av spillere er 26. april 2018 Om du har spørsmål, ta kontakt med Trine Vokuhl Havn på tlf. 917 42 035 eller pr. mail til: floroskh@gmail.com

PÅMELDINGSAVGIFT

Kr. 1200 pr. lag. Hvert 3. lag fra en klubb går gratis ved påmelding/betaling før 31. januar 2018.

KLASSER

  • Jenter/Gutter 10 – født 2008
  • Jenter/Gutter 11 – født 2007
  • Jenter/Gutter 12 – født 2006
  • Jenter/Gutter 13 – født 2005
  • Jenter/Gutter 14 – født 2004
  • Jenter/Gutter 15 – født 2003
  • Jenter/Gutter 16 – født 2002
  • Senior Damer/Herrer
  • HU-lag

AKTIVITETER I FLORØ

Deltakerkort

A-kort (Kr. 900) To overnattinger, kveldsmat fredag, frokost og middag lørdag, frokost og lunsj søndag, diskotek lørdag. T-skjorte er inkludert i prisen!

B-kort (Kr. 700) En overnatting, middag lørdag, frokost og lunsj søndag, diskotek lørdag. T-skjorte er inkludert i prisen!

C-kort (Kr. 300) Diskotek lørdag. T-skjorte er inkludert i prisen!

Alle deltakere må ha enten A, B eller C-kort. En leder pr. lag går gratis.

SPILLESYSTEM

Planlagt spilletid pr. kamp: 10 – 11 år 1×15 min., 12-16 år + HU-lag: 1×20 min. Senior damer/herrer: 2×20 min. Puljer à 4 lag, de to beste lagene går til A-sluttspill, de andre spiller plasseringskamper. Alle lag garanteres 4 kamper. Pokaler til vinnere i A-sluttspillet i hver klasse.

 

Last ned PDF her:

Vestkystcup 2018

VELKOMMEN! 🙂