ANDREA PÅ HEIMEBANE – PÅ FEIL LAG

Av Olav Hatlemark

3. divisjon: Florø – Dale Florø idrettssenter, onsdag 6.sept. kl 19:00.
Florøs tidlegare storscorar Andrea Dolve Ellingsund (bildet) , kjem truleg tilbake på bana i idrettssenteret i dag. Men denne gongen på feil lag i 3. div.kampen Florø-Dale. Velkommen skal du vere likevel, Andrea!
Dale ser ut til å toppe laget som møter Florø. Dale er partnarklubb med Førdes 1. divisjonslag der Andrea er i troppen. Dale har dermed høve til å bruke opptil tre av Førdes unge spelarar (under 20 år) i sine kampar.
Så får vi håpe respekten ikkje vert for stor. Kampane mot Dale har vore prestisje-kampar og det nærast vi kjem til tøffe nabo-oppgjer for Florø i 3.divisjon. Hittil har Dale vunne desse kampane. Men årets Dale-årgang har ikkje vist same kvalitetar som før. Så langt er fangsten to poeng på tre kampar. Det same som Florø (på fire kampar)
Men Florø har vokse for kvar kamp. Mot Dale må trenar Hilmar klare seg utan siste kamps matchvinnar Ada Jagedal. Målvakt Karoline Nesse er framleis skadd. Men Tiril Langedal stod fram synte og gode takter i siste kamp mot Gloppen, særleg då Florø kom mot slutten.
På benken vil også denne gongen fjorårsmålvakt Helene Sudmann sitje og vente i spenning etter å ha lagt handballen på hylla.
– Det er sjølsagt ikkje bra for oss at Ada ikkje er med. Det viktigaste for oss er likevel at vi spelar vårt spel og held fram med framstega frå siste kamp. Vi veit kva vi må gjere: Få kontroll på tempoet og halde fram jobbinga med å redusere feila våre, seier Florø-trenar Hilmar Gudleiksson. (bildet i ekstatisk jubel saman med Eva Orheim og målvakta etter Tirils redning i siste sekund som sikra Florøs siger over Gloppen).

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *