Strøyming av handballkampar i Florø idrettssenter

Florø SK Handball har begynt å bruke SolidSport når vi strøymer våre kampar i Florø idrettssenter.  Vi har ein strøymingkanal for Seniorar/ G/J16 og ein for Juniorar (13 år-15 år). Vi har som mål å strøyme alle herre- og damekampar i 3. divisjon og G/J 16. Vi strøymar og 4. divisjon damer når vi har høve til det.

For å sjå ein kamp live, gå inn på www.solidsport.com/play og skapa eit konto (e-postadresse og passord)
Prisen per Senior/16-årskamp er NOK 79,- og for Juniorkamp NOK 39,- . Då får man sjå kampen live og man har tilgang til videon etterpå, så at man kan sjå kampen når man vil.

Man kan og velge å vere “månadssupporter”. Då betalar man NOK 190,- og får tilgang til alle kampar som visast på den kanalen, Senior/G/J16 eller Junior(13 år – 15 år), i ein heil månad og man har og tilgang til videoane med alle kampar som har blitt vist live den månaden man var “månadssupporter”,

For seniorar og 16-åringar blir det 6-8 kampar i januar og 6-8 kampar i februar.

Det er først og fremst heimekampar vi strøymer, men av og til strøymar vi og ein bortekamp.

Har du spørsmål? Send ein mail til: info@florohandball.no så skal vi svare deg så snart vi kan.