Stor opningshelg i damehandballen

Med Tertnesbesøk og 4. divisjonsstart
Med heile 7 kampar i idrettssenteret laurdag og 10 kampar søndag, fordelt over både
idrettssenteret og Florøhallen, kan vi med god grunn snakke om handballmaraton i kystbyen
denne helga – som vert seriestart for mange av laga våre.
Ekstra spenning knyter det seg til starten til begge damelaga til Florø i 4. divisjon, som begge skal møte
fylkets tidlegare storlag Jotun.

Dias lag Florø 1, skal først i elden, laurdag klokka 19:00. Med beste oppkøyringa til Florø på
mange år, kan vi vente oss eit oppgjer i stort tempo med det unge mannskapet av 16-, 17-og
18-åringar. Opprykk står som det store målet for sesongen langt der framme.
Weronikas litt eldre Florø 2, møter Jotun søndag 11:20.

Tertnes besøk
Søndagen debuterer også Florø 1 jenter 16 i regionsserien mot Vestlands mest meritterte
klubb Tertnes. Kampstart er 14:45.
Det er første gong eit J16-lag frå Florø får lov til å gå over dei gamle Sogn og Fjordane
grensene etter større motstand i 16-årsserien. Mot Tertnes får vi ein god målestokk på
korleis laget står seg mot nye sterke motstandarar frå Bergensområdet.
Så gode handballvennar: Merk tidspunktet 14:45.

To andre Florø J16-lag til spelar og sine første kampar i den meir lokale regionsserien til Sogn
og Fjordane. Florø 2 til Kjell og Florø 3 til Weronika, som spelar opp høvesvis ei og to
årsklasser.
I tillegg spelar J11, J12, og G12 kampar i Florøhallen laurdagen, og søndagen har J11 og J13
laga til Florø kampar i idrettssenteret.

 

Olav Hatlemark, SU-leiar

Her finn du kampane: KVA SKJER´ A?
Du kan også gå inn på NHF sine sider: Handball.no

Kampar frå 16 år og oppover blir vist på MYGAME
(Man trengjer abonnement)