Mykje kos og glede på årsfesten
1. juni inviterte Florø SK Handball inn til årsfest for spelarar (fødde 2012 og tidlegere), dommarar og trenarar. Det blei ein lykka fest med latter, god mat og utdeling av «Tommel opp»-trøyer og «Årets lagspelar». Gratulerer alle saman!
Vår leiar, Morten Mortensen, var dessverre på jobb og kunne ikkje vere med oss, men han hadde skrive fine ord til alle som er med og bidreg til at vår klubb er så kjekk å vere med i og at den har vakse, og no er vi over 600 medlemmar i Florø sin handballklubb!
Våre flotte lag har denne sesong, saman med våre dyktige trenarar, vore med i mange kjekke og tøffe kampar som gjev læring/meistring og glede i fellesskapet i laget.
Tusen takk til alle foreldra og andre dugnadspersonar som har gjort at laga får spela kampar, både i Florø og på andre plasser rundt om i landet. Det er de som er «Klubben»!
J16 var på klassereise og kunne dessverre ikkje vere til stades.
Årets lagspelar i 4. divisjon kvinner Florø 1 Ane Knapstad
Årets trenar Thea Svardal, Ine Solheim-Olsen og Ane Knapstad
Gratulerer!
Årets toppskårarar i seniorlaga var:
Damer, Florø 1 Ine Solheim-Olsen, 155 mål på 18 kampar (ho er toppskårar i 4. divisjon kvinner avd. 2, og er nr 2 i heile Region Vest.) Gratulerer!
Damer, Florø 2 Heidi Strømmen Kjerpeset, 89 mål på 18 kampar (ho er 7. beste i 4. divisjon kvinner avd. 2) Gratulerer!
Herrer, Florø Vebjørn Wefring, 70 mål på 15 kampar (han er 12. beste i 4. divisjon herrer avd. 1) Gratulerer!
Vi takker Bistro To Kokker for den gode maten og servicen på Florø Kulturhus og Lasergravering B Storøien som har gravert dei flotte fata.
Vi ynskjer alle ei nydeleg sommar og velkommen igjen i haust!
Cecilia Molander, drakt- og mediaansvarleg i Florø SK Handball
Her er nokre bilete frå utdelinga på festen.
Foto: Cecilia Molander, Ruth-Sølvi Helland