Tøffe gutar spelar handball! /

Florø SK Handball inviterer alle gutar til ein eigen gutehandballdag i dag onsdag 20. mars på Florø idrettssenter.

Spelar du handball, har aldri spelt eller har spelt tidlegere og ønsker å starte på igjen?

Da er du hjarteleg velkommen til å prøve ut om dette er noko for deg.

Du treng ikkje kunne handball frå før, men ta med deg godt humør og kom!

Alle får «TØFFE GUTAR»-t-skjorte.

Alle trenarane til dei forskjellige laga vil vere tilstades og de vil også møte gutane som spelar på G16-laget som er med som trenarar denne dagen.

OPPMØTE FLORØ IDRETTSSENTER:
4. – 8. klasse kl. 16:30-17:30
1. – 3. klasse kl. 17:30-18:30

Ta med deg ein ven eller ti og kom for å sjå kor kjekt vi har det på handball!

Har du spørsmål? Ta kontakt med Ole Bernt Solheim på 40 40 20 13.

VELKOMMEN!